8038e642-1d8f-4852-b7cd-27b159c44826
Eit hemmeleg liv : spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst
Eit hemmeleg liv : spesialagent og spaniafrivillig Wilhelm Holst
Forfatter: Slapgard, Sigrun
Utgivelsesår: 2020
Medietype: Bok
Kategori: Faglitteratur
Utgiver: Samlaget
ISBN: 9788234002571
Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering
Beskrivelse:
Jakta på den løynde historia om ein ukjent krigshelt. Denne historia tek til i 1936. I Tyskland har Hitler teke makta. Også andre land i Europa er prega av fascistiske straumdrag. Da den spanske borgarkrigen startar, er norske Wilhelm Holst busett i Paris, der han driv forretningar. Snart er han båreberar og frivillig på republikansk side ved fronten i Spania. Etter at fascistane vinn i Spania, hjelper han flyktningar over grensa til Frankrike. Da tyskarane kjem til Noreg, blir dei to sønene hans på femten og seksten skotne heime i Ådalen. Frå da av risikerer Holst dagleg livet i hemmeleg undergrunnsarbeid i Frankrike. Han blir spesialagent med mange dekknamn og opererer ofte saman med «fru Holst», den britiske agenten Madge Addy. Kven var han, Wilhelm Holst, og kven var den britiske kvinna som ikkje var hans eigentlege kone? I denne boka dreg barnebarnet på jakt etter løyndomane i livet til ein bestefar han aldri møtte. Saman med forfattar Sigrun Slapgard leiter han i hemmelegstempla dokument og brevsamlingar, og gradvis trer historia fram - ei skakande forteljing om korleis to brutale krigar endra livet til ein mann og slo inn i ein familie. Sigrun Slapgard (f. 1953) er journalist og forfattar. Ho har jobba som utanriksjournalist i NRK og har skrive ei rekkje bøker. For Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002) blei ho nominert til Brageprisen og fekk Melsom-prisen. Også Eit hemmeleg liv (2020) blei Brage-nominert. For romanen Englestien (2013) fekk ho Nynorsk litteraturpris. Slapgard har også skrive ein biografi om Sigrid Undset og romanen Eg har sett jaguaren

Tilgjengelighet

Loading...

Bøker av samme forfatter

45649052-8d10-40eb-92ed-380476fe5eb9
Forfatter: Slapgard, Sigrun
b901e7c4-3762-4998-ad90-514bcc7f03f4
Forfatter: Slapgard, Sigrun
e6296724-aa83-4f81-a9bf-41758ac0a7e0

Lignende emne/genre

237ddd94-56a1-4515-ac46-2a7b7f3585a3
3e8125de-3036-485d-a5b6-8db439efd588
Forfatter: Orten, Øystein
52adcdf8-ea6a-4b14-b660-581ef815e694
1a8259d5-a83d-478d-a530-a87c906a6b97
e6efcfa3-12cd-405d-a78f-a465e2ce5ad0
Forfatter: Myklebust, Gunnar
ecfde44d-114d-4002-9272-8292dd4c00e3
6188698e-3125-41c0-917f-0c24b3141d18
Forfatter: Orten, Øystein
7ebd8ce2-8418-4193-a1a3-61a407489a57
33fdef46-7cf2-4654-8a5a-b8e0663b959a
Forfatter: Røyset, Ingunn
ba2eabad-b3cc-4a65-8ef0-236a66d4298c
d29c9b84-f0df-435f-8dff-e7dad24a1006
Forfatter: Bjerga, Morten
fd9521d9-744e-4be8-a7b9-1453a30ab157
Forfatter: Ponthus, Joseph
5b2e55b6-1d0b-44ad-b4c8-ce255d4f893e
Forfatter: Gavalda, Anna
fd1a39cb-4f08-43aa-af21-56e5a45f68fd
Forfatter: Büchner, Georg
eb84f48d-c60e-455f-a8ed-47346e74e405
Forfatter: Flaubert, Gustave

Søk

Språkvelger