14a45eea-7868-4cc0-aad5-8a1f26c86299
Noregs største steinras : Tjelle-skredet 1756
Noregs største steinras : Tjelle-skredet 1756
Forfatter: FURSETH, Astor
Utgivelsesår: 2021
Språk: Norsk Nynorsk
Medietype: Bok
Kategori: Faglitteratur
Utgiver: Samlaget
ISBN: 9788234004346
Serietittel: Krisetid
Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering Gi en vurdering
Beskrivelse:
For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Som bøkene viser, er historia full av elende og vondskap, men også lys og håp. Søndagskvelden 22. februar 1756 gjekk det største steinraset i Noregs historie. Delar av Tjellefjellet i Nesset i Møre og Romsdal rasa ut i fjorden. Vi kjenner hendinga blant anna gjennom dagboka til presten Kristian Morsing. Han og fleire andre hadde lenge undra seg over djupe drønn frå Tjellefjellet, men utan å forstå kva som var i gjære. Det vart ei redselsnatt. Minst tre store flodbølgjer følgde raset. Bølgjene slo 200 meter opp på land. Bygningar og båtar vart tekne av vatnet. Først morgonen gjekk det opp for folk kva som hadde skjedd. 32 menneske hadde mista livet. Dette er ei forteljing om raset og flodbølgjene, men også om kor ulikt ulykka råka. Her som så ofte ved naturkatastrofar, var det småkårsfolket som leid mest. Dette handlar også om tida etterpå. Slike katastrofer følgjer eit nokså tydeleg mønster: I nesten alle tilfelle er det vanleg å vende tilbake og byggje opp att på den same staden. Typisk er også gløymsla. Etter ein kort periode vart det stille om dette raset. Det største steinraset i norsk historie vart så godt som gløymt. Astor Furseth (f. 1940) er skredhistorikar og har vore tilknytt Norges geologiske undersøkelse, der han har forska på skred og andre naturkatastrofer i historisk perspektiv. Han har skrive både skjønnlitteratur og fagbøker, mellom anna Skredulykker i Norge og Dommedagsfjellet om Tafjordulykka

Tilgjengelighet

Loading...

Bøker av samme forfatter

8c1688ad-5ca6-475b-a18a-d115eecba479

Lignende emne/genre

fa1ffe4f-b4df-4b76-af54-6f44a1d06128
Opphav: Longvastøl, Ivar

Søk

Språkvelger